lørdag 13. desember 2008

Fem flotte veker i Pokot er over

No er det fem vekers lange oppholdet i Pokot over. Tida har gått fort, og eg har snart vore i Kenya i to måneder! No er det kun ei veka igjen her i Nairobi før eg reiser til Etiopia i juleferien. Der treffer eg heile familien, nåke eg gleder meg veldig til.

I Pokot budde me hovudsaklig i Kapenguria. Der har eg møtt mange nye folk og fått eit djupare dykk i kulturen. Eit møte med gategutar var spesielt. Fleire av dei sniffa lim, men heldigvis er det håp. Før me spelte frisbee, hadde me eit lite møte i kyrkja. Der var også fire gutar som hadde kome seg ut av problema.

Me har og vore i Chesta der me var med på gateevangelisering på to marked. Massevis av folk flokka seg rundt, og evangeliet blei forkynt. Ein kveld var me med å viste Jesusfilm. Fasinerande å høyra reaksjonane deira – dei har bl.a smattelydar og ein slags hysjelyd som ein høyrde fleire gonger under filmen. Då det mot slutten blei spurt kor mange som ville høyra Jesus til, trur eg det var rundt 60 % som rakk opp handa. Mange unge ville vera kristne.

Bilde 1: sleger kristne bøker Bilde 2: Guds ord blir forkynt

På slutten av oppholdet i Kapenguria, var me med på ein ungdomsleir. Det var ungdommar frå ulike plassar rundt om i Pokot, nokre få var under ti år, andre var over tjue. Det var utrulig kjekt å møta og komma litt meir innpå folk. Alle me har truffe på har vore veldig gjestfrie og imøtekommande, men fordi me reiser så mykje rundt rekker ein ikkje å bli veldig kjent før me må reisa vidare. Derfor var det spesielt kjekt at me var på leiren fleire dagar og traff igjen folk. Tenk at Jesus som er ein så god venn for meg, også er kjær for mange av desse afrikanarane. Då har ein masse til felles til tross for ulikheter. Bildet er tatt siste dagen på leir.

mandag 17. november 2008

Pokt

No er eg i Pokot - har vore her i ei veka og skal vera her i fira veker til.
Pokot ligger hogt oppe, i tillegg har da regna her si mars - saa da er ikkje saa veldig varmt alltid. Men heilt fantastisk aa kunna ha skuletimar ute iblandt.

Da er litt mindre travelt her i Pokot enn det var i Nairobi. Her har me oftare fri paa ettermiddagen og det er flott aa kunna slappa av med ei bok. Paa kveldane har me naake me kaller ni-timen: alle samles og me har ei bonnestund, pratar om kjekke og vanskelege ting og syng av og til.

Hjertelig takk til alle som gidder aa lesa bloggen. Det blir litt sjeldent det kommer naaken faa ord, og spesielt her i pokot er internett-tilgangen veldig begrensa. Men takk for da!

onsdag 5. november 2008

Nairobi dei to første vekene

No har eg vore her i øve ei vaka. Opplevelsane er monge!
På søndag var me på ein gudstjeneste i Kawangware. Me skulle først på ein kun for gategutar, så på ein vanlig (på swahili). Kvar gong me skal på nåke ”ute blant folk”, som gudstjenester, er da ein selfølge at me deltar: song, vitnesbyrd og presentasjon. Eg har endo ikkje hatt vitnesbyrd, men da kommer.

Møtet med gategutane var spesielt. Eg trur Gud jobber med dei, men er jo og vanskeligt å møta mennesker med ein heilt anna livssituasjon og ei heilt anna framtid. Da er iallefall godt å veta at Gud kan hjelpa kvar og ein!

Me har og besøkt ein skule der monge av ungane var foreldrelause. Først underholdt dei oss litt - fortalde bibelvers, song og dansa (artig!), ittepå skulle me ut å leka med dei. Da var litt rart å plutselig stå med minst ti ungar rundt meg, og eg skulle underholda di. Å forklara lekar med kroppsspråk er vanskligare enn ein sku tru. Ittepå fant eg ut at iallefall ei av di eldste kunne meir engelsk enn eg trudde. Men da var veldig kjekt.
Her er to bilder fra skulen me besøkte.

tirsdag 28. oktober 2008

Endelig bilder

Her er altså den flotte gjengen eg bur og reiser med. Bilder er tatt på Fjellhaug før utreise.
Eit bitteliten bit av Afrika.
Her bur me i Nairobi.

mandag 27. oktober 2008

Hakuna Matata

Då var eg trygt framme i Kenya. Her da varmt på dagen, og litt kaldt på morningen og kvelden. Me har masse opplegg heila tio, så me lere masse og. Har så monge inntrykk, at eg nesten ikkje husk alt me har opplevd berre på den litla stunda frå fredag - i dag, mandag.

Me har bl. a vore på to gudstjenestar itte kvarandre på søndagen. Først ein engelsk, så ein på swahili. Tilsamen var me i kjørko 5 timar. Ellers ha me begynt skulen i dag. Me har hatt interessante timar, så bibelskule er så longt veldig kjekt:)

blider tar litt tid å lasta opp, så da kommer seinare!

tirsdag 21. oktober 2008

Oppstart på Fjellhaug

Ja då har me starta opp på Fjellhaug i Oslo. Me ska ver her i fira dagar før me reiser ut. Til no har opplegget vore veldig interessant, så ditta lover bra. Me har bl.a hatt lønnkammer (bibel, bønn og samtale), sett film om Kenya, hatt forelesningar om NLM i Kenya og i Norge, og i dag har me hatt full dag om Tverrkulturelt studium. Eg trur me alle er blitt ein god del smartare, og dagane er virkelig nyttige for å få litt meir innsikt i da å møta ein heilt ny kultur.

Eg er spent på å reise ut, men eg føler meg og kjempeklar. Ikkje da at eg føler eg har full oversikt, men fordi eg er sikker på at ditta blir eit veldig lererikt og spennande opphold.

søndag 7. september 2008

"For meg: wow, eg hadde GLØMT me hadde ein del av Afrika i Norge!"

I går var familien Salmelid invitert til eit asylmottak på Stord. Pappa har nemlig ansatt ein Eritrear, Paulus, og han kjente folk som kunne laga wot til oss(etiopisk mat). Me blei altså invitert heim til kjentfolk av kjentfolk av oss.
Ankomsten til asylmottaket gav ein følelse av getto-leir. For meg: wow, eg hadde GLØMT me hadde ein del av Afrika i Norge! Da såg ut til å vera afrikanarar øve alt :) Me kom inn i den mindre leiligheten og satte oss ned med bordet. Etter litt samtale fortalte Paulus at dama som laga mat for oss, hadde eit barn på kun 10 dagar! "Hæ?!" kommer da frå mamma si då litt skarpe og tydelig sjokkerte stemma. Me fekk gå inn på soverommet der den nydelige, ganske lyshuda jenta låg. Mørke lokker som kanskje ein dag blir ein skikkelig afro-sveis. Etter kvart kom maten på bordet: fantastisk! Ikkje heilt som den som blir åte i Etiopia, men veldig god:)
Døra stod åpen heile tida, og to andre damer + barn var også innom: gjestfriheten var stor som alltid. Eg fekk møte dottera til ei av dei besøkande damene. Ho heitte Miriam og kom frå Eritrea. Ho hadde slekt i Kenya, og kunne difor Swahili. Eg fekk nedskrevet mange gloser, og blei fortalt litt om kulturen der. Heilt fantastisk!
I dag har eg våkna opp med den merkligaste følelsen. Ein følelse eg faktisk ikkje har ord til å beskriva, heller ikkje forståelse til å skjønna. Men ein god følelse... Kanskje eg, meir enn eg trudde, har lurt på om eg faktisk kommer til å passa inn i Afrika? Om eg kommer til å bli ordentlig kjent med folk? No gleder eg meg i alle fall endo meir enn eg gjorde før! :D

lørdag 16. august 2008

Klar, ikkje klar, klar, ikkje klar...

Her på bloggen håper eg å få skrevet forskjelligt om ka som skjer i kenya, både tankar og opplevelsar. Skal og prøva å ikkje få for longe innlegg, sånn at da forhåpentligvis blir interessant å lesa. Skal og få lagt til bilder etter kvart.

Eg sitter no heima på Bømlo, har hatt ein bra sommar, og er ferdig med turnusen eg har hatt på aldersheimen og i heimasjukepleien. Da er no august, og eg reiser ikkje før i oktober! To mnd skal eg vera på Bømlo, arbeidsledig! Eg kunne ønska eg kunne reisa ut no :) Eg er klar for intens varme, gode - gjestfrie - seine afrikanarar, monge - hardare enn eg kanskje trur no - utfordringar, og avsatt tid til Bibel og Jesus :D Eg gleder meg, så Kenya: Here (om to mnd då men..) I come!