tirsdag 3. mars 2009

Skeptisk? BITTElitt kanskje....

Eg har altså mat i munnen til giraffen.









søndag 1. mars 2009

Tre veker i herlig god varme

Si sist har eg vore i Voi og i Mombasa. Me var først ei veka i Voi på ein misjonsstasjon der me hadde undersvisning. Det var veldig varmt der, ca. 30 - 35 C', og det var uten mulighet for å bada. Derfor hadde me fri midt på dagen, men undervisning på morgonen fram til lunsj og ein time på kvelden. Me blei undervist om Elias som det står skreve om i 1. og 2. Kongebok. Det var veldig bra undervisning - me hadde ein god lerar og boka me blei undervist frå var veldig interessant! Eg har lert det er lurt å lera om enkeltpersonar i Bibelen. Gjennom Elias-undervisninga såg eg at sjølv store profetar tvilar og blir slitne. Eg har også sett, atter ein gong, kor trufast Gud faktisk er.

Etter ei veka i Voi reiste med sørover til Mombasa. Me hadde leigd vår eigen matatu (minibuss). I Mombasa traff me ledaren vår for oppholdet på kysten. Han fulgte oss ned til buplassen vår i Msambweni, sør for Mombasa. Me hadde få timar bak skulebenken, til tross for alt da me har lert om misjonsarbeidet. Det var interessante dagar sjøl om det i begynnelsen virka som det var litt lite på programmet. Ettermiddagane blei for det meste brukt på stranda der sjøen var longt varmare enn lunka. Fantastisk herlig å ha skule på ein sånn ferieplass, sjølv om dei første dagane nesten var litt for varme. Den første gudstjenesten for eksempel: det rant nedover heile meg! Det var på ingen måte overdriving då eg høyrde at ein er like våt når ein kjem ut av dysjen som ein er før ein går inn.

Dette var den siste turen vår vekk frå Nairobi. No skal me ikkje lenger ut på feltet, og tanken på at eg snart skal heim igjen til Norge er meir trist enn glad. Eg har hatt det fantastisk flott her ute. Akkurat no prøver eg berre å nyta di siste dagane igjen.