søndag 7. september 2008

"For meg: wow, eg hadde GLØMT me hadde ein del av Afrika i Norge!"

I går var familien Salmelid invitert til eit asylmottak på Stord. Pappa har nemlig ansatt ein Eritrear, Paulus, og han kjente folk som kunne laga wot til oss(etiopisk mat). Me blei altså invitert heim til kjentfolk av kjentfolk av oss.
Ankomsten til asylmottaket gav ein følelse av getto-leir. For meg: wow, eg hadde GLØMT me hadde ein del av Afrika i Norge! Da såg ut til å vera afrikanarar øve alt :) Me kom inn i den mindre leiligheten og satte oss ned med bordet. Etter litt samtale fortalte Paulus at dama som laga mat for oss, hadde eit barn på kun 10 dagar! "Hæ?!" kommer da frå mamma si då litt skarpe og tydelig sjokkerte stemma. Me fekk gå inn på soverommet der den nydelige, ganske lyshuda jenta låg. Mørke lokker som kanskje ein dag blir ein skikkelig afro-sveis. Etter kvart kom maten på bordet: fantastisk! Ikkje heilt som den som blir åte i Etiopia, men veldig god:)
Døra stod åpen heile tida, og to andre damer + barn var også innom: gjestfriheten var stor som alltid. Eg fekk møte dottera til ei av dei besøkande damene. Ho heitte Miriam og kom frå Eritrea. Ho hadde slekt i Kenya, og kunne difor Swahili. Eg fekk nedskrevet mange gloser, og blei fortalt litt om kulturen der. Heilt fantastisk!
I dag har eg våkna opp med den merkligaste følelsen. Ein følelse eg faktisk ikkje har ord til å beskriva, heller ikkje forståelse til å skjønna. Men ein god følelse... Kanskje eg, meir enn eg trudde, har lurt på om eg faktisk kommer til å passa inn i Afrika? Om eg kommer til å bli ordentlig kjent med folk? No gleder eg meg i alle fall endo meir enn eg gjorde før! :D