søndag 7. september 2008

"For meg: wow, eg hadde GLØMT me hadde ein del av Afrika i Norge!"

I går var familien Salmelid invitert til eit asylmottak på Stord. Pappa har nemlig ansatt ein Eritrear, Paulus, og han kjente folk som kunne laga wot til oss(etiopisk mat). Me blei altså invitert heim til kjentfolk av kjentfolk av oss.
Ankomsten til asylmottaket gav ein følelse av getto-leir. For meg: wow, eg hadde GLØMT me hadde ein del av Afrika i Norge! Da såg ut til å vera afrikanarar øve alt :) Me kom inn i den mindre leiligheten og satte oss ned med bordet. Etter litt samtale fortalte Paulus at dama som laga mat for oss, hadde eit barn på kun 10 dagar! "Hæ?!" kommer da frå mamma si då litt skarpe og tydelig sjokkerte stemma. Me fekk gå inn på soverommet der den nydelige, ganske lyshuda jenta låg. Mørke lokker som kanskje ein dag blir ein skikkelig afro-sveis. Etter kvart kom maten på bordet: fantastisk! Ikkje heilt som den som blir åte i Etiopia, men veldig god:)
Døra stod åpen heile tida, og to andre damer + barn var også innom: gjestfriheten var stor som alltid. Eg fekk møte dottera til ei av dei besøkande damene. Ho heitte Miriam og kom frå Eritrea. Ho hadde slekt i Kenya, og kunne difor Swahili. Eg fekk nedskrevet mange gloser, og blei fortalt litt om kulturen der. Heilt fantastisk!
I dag har eg våkna opp med den merkligaste følelsen. Ein følelse eg faktisk ikkje har ord til å beskriva, heller ikkje forståelse til å skjønna. Men ein god følelse... Kanskje eg, meir enn eg trudde, har lurt på om eg faktisk kommer til å passa inn i Afrika? Om eg kommer til å bli ordentlig kjent med folk? No gleder eg meg i alle fall endo meir enn eg gjorde før! :D

7 kommentarer:

Torleif Alexander sa...

Konge bra då... trur nok du klarar deg heilt utmerka..! Skø be for deg.. å lykke til! Du kan i det minste glede deg over at du ikkje fær frostskadar som meg, her i kulda om ikkje ana;) God bless no less..

bokormen sa...

Eg trur du komme te å bli kjent med folk eg.. Særlig de i teamet ditt. Så trur eg og at du komme te å bli kjent med nåken afrikanerer. Når du klarte å komma i snakk med ei under den middagen du skreiv om, så trur eg absolutt at du komme te å komma i snakk med afrikanere der ute.. Me snakkes på lørdag. Eg glede meg te dåke komme herte Martha! klem

bokormen sa...

Hei igjen Martha!
Bra med forandring i navnet på bloggen din. Jambo betyr hei, gjer det ikkje? Fine bilder og forresten.. Bare et lite tips.. Når du legge ut bilder av folk på nettet så kan det henda at andre folk foretrekke å bli spurt om det e greit for de først..

Martha sa...

I know.. men dåke e jo familien min, så rekna med dåke har vet til å sei ifrå om dåke misslike da

og ja: jambo = hei

salmelid-blogg sa...

Dette ser virkelig bra ut! Greier du å fortsette slik kommer løerarane til å få mange gledestunder. Me er travelt opptatt med møteveke her i Flekkefjord, men har hjarta og tanker i Awasa ... Måtte Gud velsigne turen og opphaldet ditt, les Dom. 18:6 "Gå i fred. Herren holder øye med dere på ferden" Klem frå farfar og Bjørg

Bjarne sa...

God tur til Kenya, Martha !
Tror du kommer til å få et kjempefint opphold. Vi skal følge med deg på bloggen !

Hilsen onkel Bjarne og de andre på Randaberg

hildegunn sa...

Hej vännen
Lycka till i Afriken.
Tante Hildegunn