Ja då er da jo ei stund si eg kom til Norge, men her kommer altså eit siste innlegg på bloggen før eg legger den ned.
Den siste tida i Kenya var veldig flott (ja heile Kenyaoppholdet var jo fantastisk!) :) Den aller siste veka var eg og eit par av dei andre på Kilimanjaro, så me fekk ein god avslutning! Alle kom til topps.
Ankomsten til Norge var kald - både véret og folka. Til tross for at eg ikkje ville tilbake til Norge og at da var trist å reisa der ifrå, så blei da og greit å vera i Norge. No er eg tilbake på den gamle heimplassen. Heldigvis har eg hatt da kanonbra på TeFT og lert masse, så eg er ikkje heilt tilbake i gamle rutiner. Nye opplevelsar og mykje god undervisning ha satt perspektiv på ting. Likavel trur eg nok da er meg sjøl så merke mest forskjell.
Til dåke så har fulgt med på bloggen: håper dåke har fått nåke ut av da.
Til potensielle TeFT-søkarar: ditta er eit fantastisk opplegg som dåke absolutt burde få med dåke!
fredag 10. april 2009
tirsdag 3. mars 2009
søndag 1. mars 2009
Tre veker i herlig god varme
Si sist har eg vore i Voi og i Mombasa. Me var først ei veka i Voi på ein misjonsstasjon der me hadde undersvisning. Det var veldig varmt der, ca. 30 - 35 C', og det var uten mulighet for å bada. Derfor hadde me fri midt på dagen, men undervisning på morgonen fram til lunsj og ein time på kvelden. Me blei undervist om Elias som det står skreve om i 1. og 2. Kongebok. Det var veldig bra undervisning - me hadde ein god lerar og boka me blei undervist frå var veldig interessant! Eg har lert det er lurt å lera om enkeltpersonar i Bibelen. Gjennom Elias-undervisninga såg eg at sjølv store profetar tvilar og blir slitne. Eg har også sett, atter ein gong, kor trufast Gud faktisk er.
Etter ei veka i Voi reiste med sørover til Mombasa. Me hadde leigd vår eigen matatu (minibuss). I Mombasa traff me ledaren vår for oppholdet på kysten. Han fulgte oss ned til buplassen vår i Msambweni, sør for Mombasa. Me hadde få timar bak skulebenken, til tross for alt da me har lert om misjonsarbeidet. Det var interessante dagar sjøl om det i begynnelsen virka som det var litt lite på programmet. Ettermiddagane blei for det meste brukt på stranda der sjøen var longt varmare enn lunka. Fantastisk herlig å ha skule på ein sånn ferieplass, sjølv om dei første dagane nesten var litt for varme. Den første gudstjenesten for eksempel: det rant nedover heile meg! Det var på ingen måte overdriving då eg høyrde at ein er like våt når ein kjem ut av dysjen som ein er før ein går inn.
Dette var den siste turen vår vekk frå Nairobi. No skal me ikkje lenger ut på feltet, og tanken på at eg snart skal heim igjen til Norge er meir trist enn glad. Eg har hatt det fantastisk flott her ute. Akkurat no prøver eg berre å nyta di siste dagane igjen.
torsdag 22. januar 2009
Langt ut i bushen
Katesh var også ein plass me besøkte i Tanzania. Der bur no misjonærane Lars & Kjersti Stensland og Leif & Marit Thingbø. TeFT vart delt dei to dagane me skulle vera der, og mi gruppe var hos Lars og Kjersti. Me kjørte rundt saman med lokale evangelistar i vår Land Cruisar med høgtalar på taket. Musikk vart spelt på det lokale stammespråket, og etter kvart som me kom til nye plassar skifta me kassett til språket som gjaldt der. Langs vegen var det folk som arbeidde på jordene sine, og då dei høyrde kristen musikk dei forstod, var det fleire som begynte å dansa. Det var så gledesgivande å sjå responsen deira. I tillegg til at me spelte musikk, gav me dei informasjon om kveldens happening: ”Velkommen til filmvisning!” var budsakpet.
To dagar på rad gjorde me dette med film på kvelden. Dag to ute i bushen var litt ekstra spesiell. Mens me venta på kveldinga begynte mange menn å samla seg og synga. Etter kvart la me merke til at eit stykke ifrå var det nokre unge damer som stod i en sirkel, oppstasa i spesielle skjørt. Etter kvart samla det seg fleire folk og gutane og jentene såg ut til å dansa ilag, sjølv om dei stod så longt ifrå kvarandre. Dette var hjå digo-folket og dansen deira var heilt fantastisk å få muligheten å sjå. Dei hoppa rett opp og ned, der gutane bydde opp til dans. Guten kom fram til jenta som stod i midten, og dersom ho vart ståande, hadde han funne seg ein venn. (Ein venn = godtatt ein dans med han.)
Seinare då me skulle visa film kom det svært mange folk. Medan me i starten viste kristne musikkvideoar var det fleire ungdommar som dansa. Utruleg fasinerande å sjå rytmen i dei! Kult å sjå kor frie dei er som dansar med ein gong dei høyrer musikk dei likar. Nokre små gutar heilt framme satt å digga musikken med artige hodebevegelsar som er vansklige å forklara med ord. I etterkant fekk me høyra det var ca. 600 menneske samla der.
I tillegg til musikkvideoar, viste me ein film om dyr og Jesus-filmen. Filmen om dyr slo godt an begge kveldane. Då dei såg løvene høyrde ein ”Simba” og ”ååå” frå folkemengda, og då hyener viste seg på skjermen, lo dei.
Midt i Jesusfilmen pleier ein å stoppa filmen for å ha ein andakt. Då pleier TeFT-arane ha vitnesbyrd og song. Etterpå pleier ein alltid å be dei som vil vera kristne om å rekka opp handa. Atter ein gong rakk mange opp si hand og for fyrste gong tok imot Jesus som sin frelsar. Rik opplevelse å væra vitne til!

Mange folk samla seg rundt då datogafolket begynte på sin tradisjonelle dans. Her ser du menn som hoppar på venstre side, og ei ung dame som hoppar på høgre side.
Ei ung dame i dans, ikledd skinnkjole med perler på.
Nokre TeFT-arar fekk lov til å vera med. Då strøymde det ekstra med folk til for å sjå. Her ser du Kjartan i aksjon. Legg merke til kor god spenst datogaene har!
mandag 19. januar 2009
Haydom Lutheran Hospital
Me har vore i Tanzania i ti dagar. Opplevelsane var mange, men her ska dåke få hørra om ein av di vertfall.
Me besøkte Haydom Lutheran Hospital der me fekk eit innblikk i at misjon og kollekt er nyttig. Me var godt ute på landsbyda, og plutselig dukka Haydom opp på vår høgre side. Fantastisk å sjå alt det arbeidet som blir gjort der, sjå at dei gjer meir enn ”kun” vanlig sjukehusarbeid. Dei seier sjølv dei vil vera eit sjukehus som tar var på både det fysiske, psykiske og det åndelige ved mennesket. At sjukehuset fremdeles er i gang etter å ha starta i 1954 (ca. årstal) er ganske fantastisk. Pga ”african time” er det nemlig ikkje ein sjølfølge at annsatte kjem i tide når arbeidsdagen skal begynna. Likevel har sjukehuset i dag ca. 500 ansatte og klarer seg år etter år.
Då misjonærar for mange år sidan fekk tildelt plassen dei ville byggja sjukehuset på, var det ganske folketomt i området. Det vart nemleg trudd det var onde ånder der, så misjonærane fekk beskjed om at dei ikkje kom til og klara å bli der lenge. I dag skal sjukehuset rekka ut til 2.000.000 mennesket i området rundt. I tillegg til sjølve sjukehuset, har Haydom mange klinikkar rundt omkring i tillegg til ein gard som vart dreven kun for å samla inntekter til sjukehuset.
Då me kom ut av fødeavdelinga etter ei omvisning, kom ein Land Cruisar kjørande inn med ein dame som var klar til å føda. Medan ho vart hjulpet inn på avdelinga var det ein i gruppa som konkluderte så bra: ”sjukehuset her reddar nok mange liv ja – tenk på alle dei som kunne døydd ute i bushen dersom haydom-land-cruisaren ikkje hadde henta dei inn til sjukehuset!”
Haydom hadde ikkje vore til i dag dersom det ikkje hadde vore for misjon og kollekt! Misjonærane var (dei i dag er framleis) villige til å gå og ta imot arbeid, Haydoms Venner og andre sin givarglede er med på å held sjukehuset oppe i dag.

Abonner på:
Innlegg (Atom)