torsdag 22. januar 2009

Langt ut i bushen

Katesh var også ein plass me besøkte i Tanzania. Der bur no misjonærane Lars & Kjersti Stensland og Leif & Marit Thingbø. TeFT vart delt dei to dagane me skulle vera der, og mi gruppe var hos Lars og Kjersti. Me kjørte rundt saman med lokale evangelistar i vår Land Cruisar med høgtalar på taket. Musikk vart spelt på det lokale stammespråket, og etter kvart som me kom til nye plassar skifta me kassett til språket som gjaldt der. Langs vegen var det folk som arbeidde på jordene sine, og då dei høyrde kristen musikk dei forstod, var det fleire som begynte å dansa. Det var så gledesgivande å sjå responsen deira. I tillegg til at me spelte musikk, gav me dei informasjon om kveldens happening: ”Velkommen til filmvisning!” var budsakpet.
To dagar på rad gjorde me dette med film på kvelden. Dag to ute i bushen var litt ekstra spesiell. Mens me venta på kveldinga begynte mange menn å samla seg og synga. Etter kvart la me merke til at eit stykke ifrå var det nokre unge damer som stod i en sirkel, oppstasa i spesielle skjørt. Etter kvart samla det seg fleire folk og gutane og jentene såg ut til å dansa ilag, sjølv om dei stod så longt ifrå kvarandre. Dette var hjå digo-folket og dansen deira var heilt fantastisk å få muligheten å sjå. Dei hoppa rett opp og ned, der gutane bydde opp til dans. Guten kom fram til jenta som stod i midten, og dersom ho vart ståande, hadde han funne seg ein venn. (Ein venn = godtatt ein dans med han.)

Seinare då me skulle visa film kom det svært mange folk. Medan me i starten viste kristne musikkvideoar var det fleire ungdommar som dansa. Utruleg fasinerande å sjå rytmen i dei! Kult å sjå kor frie dei er som dansar med ein gong dei høyrer musikk dei likar. Nokre små gutar heilt framme satt å digga musikken med artige hodebevegelsar som er vansklige å forklara med ord. I etterkant fekk me høyra det var ca. 600 menneske samla der.
I tillegg til musikkvideoar, viste me ein film om dyr og Jesus-filmen. Filmen om dyr slo godt an begge kveldane. Då dei såg løvene høyrde ein ”Simba” og ”ååå” frå folkemengda, og då hyener viste seg på skjermen, lo dei.

Midt i Jesusfilmen pleier ein å stoppa filmen for å ha ein andakt. Då pleier TeFT-arane ha vitnesbyrd og song. Etterpå pleier ein alltid å be dei som vil vera kristne om å rekka opp handa. Atter ein gong rakk mange opp si hand og for fyrste gong tok imot Jesus som sin frelsar. Rik opplevelse å væra vitne til!

Mange folk samla seg rundt då datogafolket begynte på sin tradisjonelle dans. Her ser du menn som hoppar på venstre side, og ei ung dame som hoppar på høgre side.

Ei ung dame i dans, ikledd skinnkjole med perler på.

Nokre TeFT-arar fekk lov til å vera med. Då strøymde det ekstra med folk til for å sjå. Her ser du Kjartan i aksjon. Legg merke til kor god spenst datogaene har!

3 kommentarer:

Tobias sa...

Hei Martha,
takk for alle tiders reportasje frå Haydom og mellom digo-folket.Du får sannelig mykje å formidla når du kjem heimatt til misjonsvennene i Norge!
Helsing farfar og Bjørg

Anonym sa...

AWWW!!! Savner deg saa grusomt no! Saag biletet av deg i blaa stipete topp! Du ser ut til aa ha det alle tiders:)
Klem

Anonym sa...

Kjekt å lesa om livet!
Klem tante astrid