mandag 19. januar 2009

Haydom Lutheran Hospital

Me har vore i Tanzania i ti dagar. Opplevelsane var mange, men her ska dåke få hørra om ein av di vertfall.


Me besøkte Haydom Lutheran Hospital der me fekk eit innblikk i at misjon og kollekt er nyttig. Me var godt ute på landsbyda, og plutselig dukka Haydom opp på vår høgre side. Fantastisk å sjå alt det arbeidet som blir gjort der, sjå at dei gjer meir enn ”kun” vanlig sjukehusarbeid. Dei seier sjølv dei vil vera eit sjukehus som tar var på både det fysiske, psykiske og det åndelige ved mennesket. At sjukehuset fremdeles er i gang etter å ha starta i 1954 (ca. årstal) er ganske fantastisk. Pga ”african time” er det nemlig ikkje ein sjølfølge at annsatte kjem i tide når arbeidsdagen skal begynna. Likevel har sjukehuset i dag ca. 500 ansatte og klarer seg år etter år.
Då misjonærar for mange år sidan fekk tildelt plassen dei ville byggja sjukehuset på, var det ganske folketomt i området. Det vart nemleg trudd det var onde ånder der, så misjonærane fekk beskjed om at dei ikkje kom til og klara å bli der lenge. I dag skal sjukehuset rekka ut til 2.000.000 mennesket i området rundt. I tillegg til sjølve sjukehuset, har Haydom mange klinikkar rundt omkring i tillegg til ein gard som vart dreven kun for å samla inntekter til sjukehuset.
Då me kom ut av fødeavdelinga etter ei omvisning, kom ein Land Cruisar kjørande inn med ein dame som var klar til å føda. Medan ho vart hjulpet inn på avdelinga var det ein i gruppa som konkluderte så bra: ”sjukehuset her reddar nok mange liv ja – tenk på alle dei som kunne døydd ute i bushen dersom haydom-land-cruisaren ikkje hadde henta dei inn til sjukehuset!”
Haydom hadde ikkje vore til i dag dersom det ikkje hadde vore for misjon og kollekt! Misjonærane var (dei i dag er framleis) villige til å gå og ta imot arbeid, Haydoms Venner og andre sin givarglede er med på å held sjukehuset oppe i dag.

1 kommentar:

Sigrun sa...

hmm, du er heldig, Martha, som får oppleve dette! Håper turen ellers og går bra!