lørdag 13. desember 2008

Fem flotte veker i Pokot er over

No er det fem vekers lange oppholdet i Pokot over. Tida har gått fort, og eg har snart vore i Kenya i to måneder! No er det kun ei veka igjen her i Nairobi før eg reiser til Etiopia i juleferien. Der treffer eg heile familien, nåke eg gleder meg veldig til.

I Pokot budde me hovudsaklig i Kapenguria. Der har eg møtt mange nye folk og fått eit djupare dykk i kulturen. Eit møte med gategutar var spesielt. Fleire av dei sniffa lim, men heldigvis er det håp. Før me spelte frisbee, hadde me eit lite møte i kyrkja. Der var også fire gutar som hadde kome seg ut av problema.

Me har og vore i Chesta der me var med på gateevangelisering på to marked. Massevis av folk flokka seg rundt, og evangeliet blei forkynt. Ein kveld var me med å viste Jesusfilm. Fasinerande å høyra reaksjonane deira – dei har bl.a smattelydar og ein slags hysjelyd som ein høyrde fleire gonger under filmen. Då det mot slutten blei spurt kor mange som ville høyra Jesus til, trur eg det var rundt 60 % som rakk opp handa. Mange unge ville vera kristne.

Bilde 1: sleger kristne bøker Bilde 2: Guds ord blir forkynt

På slutten av oppholdet i Kapenguria, var me med på ein ungdomsleir. Det var ungdommar frå ulike plassar rundt om i Pokot, nokre få var under ti år, andre var over tjue. Det var utrulig kjekt å møta og komma litt meir innpå folk. Alle me har truffe på har vore veldig gjestfrie og imøtekommande, men fordi me reiser så mykje rundt rekker ein ikkje å bli veldig kjent før me må reisa vidare. Derfor var det spesielt kjekt at me var på leiren fleire dagar og traff igjen folk. Tenk at Jesus som er ein så god venn for meg, også er kjær for mange av desse afrikanarane. Då har ein masse til felles til tross for ulikheter. Bildet er tatt siste dagen på leir.